Den her gangen må du gjere mykje sjølv, noko som tittelen tilseier. For det er ikkje uten grunn at spelet heiter; "Do it Yourself", eller - "gjer det sjølv".
Spelet har det same preget som eit kva som helst anna Wario Ware-spel. Grafikken er ein smule "cartoonish", og karakterane kjenner vi igjen frå dei eldre spela i serien. Kvar karakter har eigne minispel å tilby, og alle er like bisarre. Du har ei heil mengd med spel å velje mellom, men viss du ikkje synest at dei minispela som fylgjer med er nok, har du no moglegheita til å lage dine eigne!

Før du kan starte å lage minispel, må du gjennom ein ganske traurig opplæring. Han tek tid å bli ferdig med, og det går ikkje an å trykke forbi han. Eg må innrømme at eg, som mannfolk flest, ikkje gidd å les instruksjonar før etter at eg har bygd noko, men denne gongen var det verdt det! Spellagaren er eigentleg ganske avansert, og det tek litt tid å sette seg inn i han. Det er sjølvsagt begrensningar for kor omfattande eit minispel kan vere, men valmoglegheitane er uendelege! Du designar sjølv karakterar du vil bruke i minispela dine, men du kan óg bruke stemplar. Stemplar er bilete/objekt som er lagra på spelet fra før av, eller som du har laga sjølv og lagra.
Vidare må du óg bestemme kva for musikk du vil bruke i minispelet. Du kan hente musikk fra andre minispel eller, ja, du gjetta riktig, lage sjølv. Sjølvsagt er det begrensningar for kor mykje musikk du kan lage, men det er mogleg å få til ein catchy melodi no og da. Eg meiner at musikklagaren var meir enn god nok, og at det enkle ofte er det beste!
Wario kan hjelpe deg viss du treng litt starthjelp. Han har mange spel han ikkje har orka å bli ferdig med, og han håpar du kan gjere dei ferdige for han. Viss du er fersk i spelbransjen, kan det mogleges vere ein idé å avleggje Wario ein visitt?
Spel du lagar sjølv blir transportert ut til virtuelle kundar i spelet, og her kommer ei anna nyheit; spelet brukar DS-en si innebygde klokke til visse ting i spelet. Her kan eg mellom anna nemne salsoversikt. Kvar dag blir salsoversikta oppdatert, sånn at du kan sjå kor bra dine spel gjer det. Kva for spel som gjer det bra virker tilfeldig, so akkurat det hjelper ikkje på motivasjonen til å lage "gode" spel.
Ein treng ikkje berre lage minispel i Wario Ware D.I.Y., ein kan óg lage teikneseriestripar! Stripane må ha fire ruter, men elles er du fri til å teikne kva du vil. Viss du treng inspirasjon, så kan du trøste deg med at det fylgjer med ferdige stripar. Eg har lese alle stripane som følgde med, og eg syntes dei fleste var artige.

Wario Ware D.I.Y. støtter bruk av WiFi. Ein kan dele minispel med andre venner, og ein kan laste ned minispel frå Internett. Dessverre blei det ikkje noko nedlasting på meg, da spelet ikkje brukar nettverksinnstillingane som er lagra på DSi-en, men det som er lagra på spelkortet. Det som er lagra på spelkortet støtter kun WEP, noko eg ser på som særs negativt. Fysj!
Do It Yourself fylgjer elles den tradisjonelle Wario Ware-formelen. Viss du likar andre spel i serien, vil du nok like det her óg. Det at ein no kan lage eine minispel, redda spelet frå ein middelmådig karakter. Eit så absolutt godkjent spel til Nintendo DS.
7/10
Skrevet av HKS kl. 17:06 den 20. Jun, 2010.
Dette verka då kult!

Spesielt at det går an å lage eigne minispel!
Lagar nok litt smak på spillet
Skrevet av Dragmire jr. kl. 15:46 den 23. Jun, 2010.
Virker greit nok. For se om jeg gidder å kjøpe det dog...