Mario Kart 7
For kvar konsoll, så kjem det gjerne ein ny del i Mario Kart-serien, også spill nr. 7 følgjer Nintendo si gode gamle oppskrift.
Mario kart er ein serie som ikkje har forandra seg nevneverdig sidan serien såg dagens lys på 90-talet, og om du skulle lure så kan eg med ein gong bekrefte at heller ikkje Mario Kart 7 gjer noko for å endre på det. Som vanlig får vi servert galskap med det beste ifrå Soppe-riket. Alt som skal være der, er der, men lite anna.
Spillet har 32 baner, av dei er det 16 nye og 16 gamle klassikarar, og Mario Kart 7 har ei solid liste av baner som er den beste til no i serien. Banene er varierte, med tema ifrå alt ifrå ørken til korallrev, du vil og finne baner ifrå Wii Sports Resort og Donkey Kong Country. Noken av banene er spektakulære og krevjande medan noken er enkle. Og det er heilt klart dei enkle banene som fungerer best i Mario kart, det er nemlig på dei enkle banene at ein verkelig får smake på det gode Mario Kart har å by på. Nemlig å utnytte køyreferdigheiter og våpen på best mulig måte for å komme først til målstreken. Dette geniale gameplayet blir dessverre litt øydelagt på dei meir spektakulære banene der alt blir meir ukontrollert og kaotisk.

Denne gongen her kan du velje mellom 16 karakterar, i tillegg til dei som alltid har vert med kan du denne gongen køyre som blant anna Lakitu og Bie-dronninga ifrå Super Mario Galaxy. Det er også eit par karakterar som ikkje er med i Mario Kart 7, så det kan fort hende at favoritten din ikkje er med, men i denne serien har det lite å seie i forhold til gameplay.
Når det gjeld våpen er det et stort pluss. Noken er fjerna og noken er lagt til, og det ein sitte igjen med er eit fantastisk utval av våpen. Ein av dei nye er Tanooki-halen som gjer at du kan slå alle som er rundt deg. Den er kanskje ikkje så god i løp, men i battle er den dødelig. Eit anna nytt våpen er Ildblomen. Den fungerer ganske likt som den gjorde i Double Dash, men her er den betre. Det tredje ny våpenet er eitt sjeldant supervåpen der du får 7 våpen i eitt. Alle desse tre passer betre inn enn Pow-blokka og lyn-skya som no har blitt fjerna, men noko som er skuffande er at dei ikkje har fjerna Blopper ifrå Battle, der er den nemlig tilnærma ubrukelig.

Grafikken er grei nok, masse flotte fargar, men ikkje meir enn kva ein skulle forvente. 3D-en ser bra ut, men personlig meiner eg at den ikkje passar heilt inn i Mario Kart fordi den fort blir berre irriterande. Musikken er ei blanding av nytt og gamalt og passar greit inn i racing-settingen.
Nytt denne gongen er at du kan forme Go-karten din som du vil. Du kan skifte hjul og glider på køyretøyet ditt. Ingen stor nyheit fordi det på same måte som val av karakter påverkar gameplayet minimalt. Noko anna som er nytt er at du kan glide gjennom lufta og køyre under vatn. Glidinga fungerer veldig bra og er opp-friskande i avveksling til køyringa, medan undervasspropellen forandrar lite. I Mario kart 7 kan du også skifte kameravinkel til eit førstepersonperspektiv, i den modusen kan du også styre med motion-kontroll. Det fungerer greit og det er nok en smakssak om du likar det eller ei, men det er iallefall ubrukelig å bruke motion-kontroll vis du er ute etter å nyte 3D-effekten. Ein anna nyheit er at du samlar pengar i løpet for å auke farten. Ellers er det veldig mykje som er likt av det vi blei servert på Wii reint teknisk.

Spelet har dei same modusane som andre Mario Kart spel, nemlig «Grand prix» «Time trail» og Battle. Og viss du allereie har eit Mario kart spel frå før, så er det lite nytt å glede seg over dessverre. Heldigvis har spelet online. Og det er her Mario kart 7 verkelig gjer deg ein grunn til å springe på butikken for å kjøpe, om du allereie har spelt Mario Kart før. Serien er nemlig skapt for multiplayer og online Mario Kart overalt kor du har ein router tilgjengelig er ultimate for alle fans av serien. I tillegg til 8-player worldwide kan du denne gongen delta i og lage communities. Der er det eigne lister over kven som er best i gruppa og ein kan lage eigne reglar, som f. eks. bomb battles eller cup-ar utan våpen. Med online kan du dessuten laste ned spøkelse med spotpass for å få nye utfordringar i Time trail-modusen.
Mario kart 7 er ingen revolusjon, men følgjer god gamal oppskrift. Gameplayet er solid, og dette spelet er kanskje det maksimale Nintendo kan få ut av denne oppskrifta, om ein ser bort ifrå å legge til fleire baner og karakterar. Men viss du ikkje likar online, og er mett på å vinne cup-ar så vil ikkje Mario kart gje deg noko meir enn 16 nye baner, og 3 nye våpen.
9/10

Lansering:
Lansering:
Lansering:
Skrevet av Dragmire jr. kl. 09:28 den 19. Des, 2011.
god andmeldelse, men du glamte at fake itembox ikke er med